Korttekst om prosjektet - Prosjektidéen "Tingvoll memoar" tek utgangspunkt i erfaringar med innsamling av munnleg kjeldemateriale om tekstilindustrien på NordMøre. Det har vore gjort verdfullt innsamlingsarbeid tidlegare.
Det er no viktig å få sikra tidlegare arbeid i ei form som ikkje vil gå tapt, verken på grunn av oppsmuldrande media (lydband, lyd-kassettar eller video-kassettar) eller utdaterte digitale format.
Like viktig er det å ta op att arbeidet med å samla munnleg kjeldemateriale. Tekstilhistoria har naturleg onk fyrste prioritert. Men etter kvart vil det også vera mogleg å utvida dette arbeidet skå å seia til alle nistoriske og kulturhistoriske emner i regionen.
Memoar ynskjer å bistå i dette arbeidet, både som ressurssenter og som bindeledd mellom institusjonar og den frivillie historierørsla. innsamling, dokumentasjon og formidling av munnleg kjeldemateriale er eit felt der frivillige og institusjonar har stor og gjensidig interesse av samabeid.
Fram til no har det vore eit hovudproblem for alle som samlar munnleg kjeldemateriale i Noreg, at det ikkje har vore nokon stad å avlevera originalopptak i lyd- eller videoformat. Norsk Folkemuseum er i 2018 i ferd med å løysa dette problemet, i og med utviklinga av nettverktøyet Minner.no. Viss det lukkast å utvikla det slik Folkemuseet ynskjer, vil både institusjonar, historielag og enkeltpersonar kunne lasta opp minnemateriale dit.
Det vil askje med materialet frå Tingvoll - når alt er ferdig vil det bli avlevert dit, og viss forteljarane seier ja til det vil forteljingane deira bli tilgjengelege på www.minner.no/tema/memoarer