Forteljarane‎ > ‎

Gunnar Rakstang

lagt inn 11. des. 2018, 01:44 av Ukjent bruker   [ oppdatert 2. jan. 2019, 03:34 ]
Gunnar Rakstang er fødd og oppvaksen i grenda Rakstang i Straumsnes i Tingvoll kommune. Han har vore rektor ved Straumsnes barne og ungdomsskule frå den ble starta og til han gikk av med pensjon. På fritida har det vore litteratur, kultur, historie og handtverk som har vore hans lidenskap.
Her I denne filmen fortel han om sin oppvekst i grenda Rakstang, karrierevalg, huset han bor i og om livet i bygda Straumsnes. 
Huset han bur i, ligg på Langset i Straumsnes, det blei opprinneleg bygd av folkeminnesamlaren Edvard Langset. Etter Edvard Langset si tid budde det ei jordmor her og det var ho som tok i mot Gunnar då han kom til verda. Med andre ord, det er mykje historie mellom veggane.

Intervjuet skal no dokumenterast, slik at innhaldet blir tilnærma søkbart. Det vil vera til stor hjelp dersom nokon kan hjelpa til med det - sjå her om korleis det kan gjerast.
 
Straks det er ferdig dokumentert, vil det også bli lasta opp til Minner.no/Tema/Memoarer 


Comments