I prosjekt Tingvoll memoar (Tingvollminne) fylgjer me det prinsippet at intervjuet er ei fri ytring som er eigedomen til dei som ytrar seg i intervjuet. Det vil fyrst og fremst seie forteljaren, dernest intervjuaren. Dei er altså opphavspersonane. Samarbeidspartnarane i prosjektet - Memoar, Tingvoll Musuem og Tingvoll historielag - ynskjer jo at opphavspersonane skal dela sine forteljingar med framtida og samtida gjennom å avlevera dei til Tingvoll Museum og gjennom å la museet og/eller Memoar publisera dei på nett. For å dokumentera kva me blir samde om i kvart tilfelle, ber me forteljar og intervjuar signera ein standard avtale - den ser ut som du ser nedanfor. I tillegg ber me forteljaren senda ei eller anna skriftleg godkjenning av det, dersom me blir samde om at passordet skal fjernast på nettvideoen slik at han blir publisert. Slik godkjenning kan vera ein epost, ein SMS eller eit stykke papir der det står at det er OK å ta vekk passordet. Slik ser avtalen ut: |