Tingvoll.memoar.no

(Marianne Nystad instruerar Torolv Løset og Gunnar Aasen framfor opptak 8. november 2018)

Samarbeidet mellom Memoar og Tingvoll Museum starta med to svært aktive dagar i november 2018. Tingvoll var ein av stoppestadene under prosjektet "Krafttak for munnleg historie i Noreg". eit 20-tal medarbeidarar ved musea på Nordmøre var samla på Tingvoll til ein dags kurs om munnleg historie og ein dag med intervjuopptak i praksis. Resultata ser du lenger nedover denne nettsida. 

Etter kvart som fyrste del av etterarbeidet er ferdig, kjem det munnlege kjeldemateriale litt etter litt til syne her. Det fyrste som skjer er at opptak av kvart intervju vil bli publisert medeit passord som berre forteljaren og dei som skal arbeida vidare med dokumentasjon og klargjering får. Alle interesserte er velkomne til å melda seg til dugnadsinnsats for å få fortgang  i etterarbeidet. Her kan du lesa om kva slags dugnadsinnsats som trengst. 

Det blei gjort i alt 13 intervjuopptak den 7. og 8. november. Dette er ein svært lovande start på samlinga av munnleg industri- og lokalhistorie på Møre. Museet kjem til å fylgja dette opp vidare, det same gjer Memoar. Begge partar ynskjer kontakt med historielag og interesserte enkeltpersonar i regionen som kan tenkja seg å bli med på utviklinga av det vidare arbeidet. 

Kontaktpersonar: Marianne Nystad på museet og Efraim Kanestrøm i Memoar.   

Forteljarar frå Nordmøre:

  • Torolv Løset (under arbeid)
    Lagt inn 30. jan. 2019, 20:45 av Bjørn Enes
  • Nils Eikrem  (under arbeid)
    Lagt inn 30. jan. 2019, 20:44 av Bjørn Enes
  • Margit Steinshamn (Under arbeid)
    Lagt inn 30. jan. 2019, 20:43 av Bjørn Enes
  • Liv Flemseterhaug (under arbeid)
    Lagt inn 30. jan. 2019, 20:42 av Bjørn Enes
  • Bjørg Wolden Bjørg Wolden er fødd på Ormset i Tingvoll i 1936, og har bodd på Tingvoll heile livet.  Ho starta på jobb i Tingvoll Ullvarefabrikk som 16-åring, og arbeidde her ...
    Lagt inn 28. feb. 2019, 23:25 av Efraim Kanestrøm
  • Guunar Aasen
    Lagt inn 3. jan. 2019, 04:49 av Efraim Kanestrøm
  • Tora Meisingset
    Lagt inn 3. jan. 2019, 04:49 av Efraim Kanestrøm
  • Viktor Gautvik
    Lagt inn 30. jan. 2019, 20:40 av Bjørn Enes
  • Efraim Kanestrøm Efraim Kanestrøm ble intervjua av Bjørn Enes i Studio 1 i Bergen Offentlige Bibliotek 6. mai 2018. Intervjuet ble oppteke i forbindelse med eit forteljarkurs heldt av Memoar.Efraim Kanestrøm ...
    Lagt inn 3. jan. 2019, 04:17 av Efraim Kanestrøm
  • Oddhild Garli Oddhild Garli (pikenavn Liabø ) var født i Straumsnes i 1933. Der vokste hun opp på småbruket Skogmo under gården Liabø. Hun bestemte seg for å bli sykepleier allerede da hun ...
    Lagt inn 20. feb. 2019, 03:41 av Efraim Kanestrøm
  • Marit Holmeide Marit Holmeide var fødd rett etter fyrste verdskrig, 16.januar 1919. Da herja spanskesjuka i landet og halve bygda lå nede for teljing. Far henner var nettopp komen opp av ...
    Lagt inn 15. jan. 2019, 03:38 av Bjørn Enes
  • Gunnar Rakstang Gunnar Rakstang er fødd og oppvaksen i grenda Rakstang i Straumsnes i Tingvoll kommune. Han har vore rektor ved Straumsnes barne og ungdomsskule frå den ble starta og til han ...
    Lagt inn 2. jan. 2019, 03:34 av Efraim Kanestrøm
  • Olav Rolland Olav Rolland ble intervjua av Arnstein Rolland og Efraim Kanestrøm, tilstades under intervjuet var også Gerd Rolland. Intervjuet handla om oppvekst i Tingvoll Kommune før, under og etter andre verdenskrigkrig ...
    Lagt inn 31. jan. 2019, 06:08 av Bjørn Enes
  • Arnstein Rolland Arnstein Rolland  vart intervjua av Efraim Kanestrøm på Tingvoll Museum torsdag 8. november 2018. Intervjuet handla i stor grad om utdanning, livet på Tingvoll og jobben som lærer og skolesjef ...
    Lagt inn 20. feb. 2019, 03:59 av Efraim Kanestrøm
Viser innlegg 1 - 14 av 14. Vis mer »

Nytt intervjuarkurs på Tingvoll fredag 3. mai:


Soge- og historielagsmedlemmer som kan tenkja seg å arbeida frivillig med samling eller dokumentasjon av munnleg kjeldemateriale er velkomne til kurs på Tingvoll Museum fredag 3. mai 2019 kl 10 til 16.


Fyrsteutkast program:

10:00 Velkomst - Presentasjonsrunde

10:30 Kvifor samla munnleg kjeldemateriale?

(digitalisering/arkivering av gamle opptak og produksjon av nye)

11:00 Intervjusituasjonen.

Avtalar (Opphavsrett, ytringsfridom, personvern, publiseringsetikk)

Om å få frie forteljingar til å losna - “magien” i det gode intervjuet

Litt kamerateknikk, litt biletkomposisjon og litt lydteknikk

12:00 Lunsj

12:45 Intervjuopptak

13:30 Etterarbeidet. Dokumentasjon / innhaldslogg, og litt enkel redigering.

14:30 Pause

14:45 Infrastruktur og publisering. Tingvoll.memoar.no og minner.no/tema/memoarer

Planar framover?

16:00 Slutt


Det er ein fordel (men ikkje påkravd) om du har med eigen PC.

Påmeldinmg: Skriv til marianne@nordmore.museum.no

Laurdag 4. mai er det meininga å gjera fleire nye minneopptak, og kursdeltakarane er velkomnje til å delta i det arbeidet om intervjuarar, medintervjuarar eller observatørar.  meir informasjon om dette seinare på Tingvoll.memoar.no


Comments